Har lenge drøymt om å vitja Brasil og spesielt Rio de Janeiro. Og kva er betre enn å oppleva
karnevalet samstundes. Når ein i tillegg ser fotballkampen mellom Santos og Flamengo
med 70729 tilskodarar skal ein ikkje klaga. Kampen enda 2-2.
Copacabana med Sukkertoppen i bakgrunnen.
Ein av dei mange gateparadane i Rio. Der kan publikum også dansa med.
God utsikt frå Sukkertoppen. Copacabana i bakgrunnen.
Copacabana
Botafogo
Flamengo
Kristus står på fjellet Corcovado 710 moh. Det er 27 m mellom fingerspissane.
Botafogo med Sukkertoppen i bakgrunnen.
Ipanema med sjøen Lagoa.
Maracana stadium sett frå Corcovado.
Det var 70729 tilskodarar på kampen mellom Flamengo (Rio) og Santos (Sao Paolo) Resultat 2-2.
Hamna på ei tribune med brasilianarar. Kjempestemning
Vognene vart skubba fram av sterke karar.
Klokketårn
Det er konkurranse mellom dei ulike sambaskulane.
Fargerike kostymer
På motsatt side går eit fjernstyrt kamera att og fram. Stor stemning når det passerer.
Paraden startar om kvelden og varer heile natta.
Slike lokomotiv ser ein ikkje på Flåmsbana.
Paradegata er 700 m lang. God trening for dei som skubbar vognene.