|
|
Paragliding på Sogn Skisenter vinteren 2011.
Sesongen kom seint i gong grunna snømangel. Dei første pilotane dukka opp 15 januar i fylgje loggboka. Det var Kjell og Christoffer som fekk kvar sine to turar. Skisenteret passar også bra for dei som likar å gå skiturar på fjellet. Kjempeflott skiterreng. For late pilotar passar det bra å kunne ta skiheisen opp og flyge ned att. Dei tøffaste (les, dei lataste pilotane som ikkje gidd å springa i snøen) startar og flyg heile
turen med slalomski. Håpar dei hugsar å sikre skia godt... I påsken var det nydeleg ver både for dei med og utan paraglider.
|
2011.02.19 Ser ned på kafeen på Sogn Skisenter
2011.02.19 Skibakken
På tide å ta eit kurs i pakking? (fotograf Jørgen Berg)
2011.02.20 Fin utsikt mot Jotunheimen
2011.04.22 Geir Arne og Kurt Birger
2011.04.24 Kurt Birger med ski. Holmenkollen neste?
2011.04.24 Einar startar vestover og flyg heim til Kalhagen
2011.04.24 Christoffer mot landing |
2011.02.19 Fin utsikt mot Hafslovatnet
2011.02.19 Gunnar med mistralen (fotograf Jørgen Berg)
2011.02.19 Gunnar (fotograf Jørgen Berg)
2011.02.20 Eirik startar på toppen av Sogn Skisenter
2011.04.24 Kurt Birger
2011.04.24 Kurt Birger landar med ski
2011.04.24 Christoffer høgt over kafeen
2011.04.24 Kjell | |
|
|
|
Copyright
© 2011-2022 Gunnar Hamre
E-post: flypg(krøllalfa)online.no
|
|
|